Med hjartet i rette dalen - Bolyst

/ Bolyst

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Den nederlandske familien Rinia fann hjarterom og boltreplass i bygda Tuddal i Hjartdal kommune. Foto: Privat

Etter å ha vore på ferie i Norge forelska Tjerk Rinia og kona Angelique seg i dei flotte fjordane og dei majestetiske fjella. Då dei nokre år seinare stod utan arbeid, tok dei sjansen og flytta over landegrensene.

– Gjennom organisasjonen Placement fikk vi høyre om moglegheitene for å flytte til Norge. Vi fekk eit veldig godt inntrykka både kulturen og naturen i landet, og starta å leike oss med ideen om å busetje oss der, fortel Rinia.

– Ikkje minst likte vi tanken på at ungane kunne få meir plass å boltre seg på, medan vi kunne få nye jobbar der.

Sjå brosjyre om kvardagslivet i Hjartdal kommune.

I Tuddal finn du mange flotte skiløyper du kan boltre deg i. Foto: Hjartdal kommune

I Tuddal finn du mange flotte skiløyper du kan boltre deg i. Foto: Hjartdal kommune

Då vi køyrte forbi Tuddal var min spontane respons til mannen min «her skal eg ha hytte». Det var ikkje noko spørsmål.

Tine Hagen, hyttebuar i Tuddal

Byta ut skøyter med langrennsski

Eitt år har gått sidan familien på fire flytta til tettstaden Tuddal. Borna Arvid (12) og Mirja (10) går på den lokale skulen og engasjerer seg med høvesvis skulemusikk og riding. Dei vaksne har på si side gjort nærområdet til sin eigen leikeplass.

– I Nederland gjekk vi mykje på skøyter og engasjerte oss i slikt som triatlon og sykkelkonkurransar. I Hjartdal har vi no starta å gå mykje i fjellet om sommaren og på ski om vinteren. Det er uvant, men vi likar det veldig godt, seier familiefaren nøgd.

Kona har fått seg jobb ved Tuddal Høyfjellhotell, medan Tjerk for augneblinken jobbar for fleire ulike arbeidsgjevarar, mellom anna som vaktmeister.

Sjå ledige stillingar i Hjartdal kommune og omegn.

Har gjort hytta til heimen sin

Tine og Paul Hagen bur halve året på hytta i Tuddal. Foto: Privat

Tine og Paul Hagen bur halve året på hytta i Tuddal. Foto: Privat

Det er ikkje berre familien til Tjerk som set pris på dei mange kvalitetane ved livet i Hjartdal kommune. For hyttebuarane Tine og Paul Hagen har Tuddal blitt ein stad der dei kan ta livet med ro.

– Vi var på ferietur til Rjukan då vi køyrte forbi Tuddal, og min spontane respons til mannen min var «her skal eg ha hytte». Det var ikkje noko spørsmål, ler Tine.

I dag bur pensjonistane på hytta halve året. Noko av det hyggelegaste Tine veit er når barnebarn og familie kjem på besøk for å finne på noko saman i Tuddal.

– I ein travel kvardag er det viktig å samlast, anten det er rundt eit bål og grille pølser, stå på ski, eller nyte stillheita. Å dele dei gode opplevingane er det viktigaste, slår ho fast.

Følg Hjartdal kommune på Facebook.

Ekteparet Tina og Paul Hagen set stor pris på hyttelivet, som blant anna gir dei høvet til å dele flotte naturopplevingar saman med barnebarna. Foto: Privat

Ekteparet Tina og Paul Hagen set stor pris på hyttelivet, som blant anna gir dei høvet til å dele flotte naturopplevingar saman med barnebarna. Foto: Privat

Hytteliv så lenge helsa held

Hagen er full av godord når det gjeld dei andre innbyggarane i bygda og tilboda som finst der. Utover at det ikkje er eit vinmonopol eller ein sportsforretning i nærleiken, saknar ho ingenting. Det lokale engasjementet er noko ho set stor pris på.

– Ettersom ikkje alle klarer å stå på ski i bratte bakkar, spurte vi han som er ansvarleg for å lage skiløypene om han ikkje kunne lage ei rundløype på eit flatt område. Det gjekk han med på, og resultatet er at det i dag er alt i frå små barn til psykisk utviklingshemma som kjem for å bruke løypa, seier ho engasjert.

At ekteparet kjem til å bli verande på hytta så lenge helsa er god nok, er ho ikkje i tvil om.

– Nokre tenkjer truleg at det ikkje er så lurt å busetje seg i ei fjellhytte når ein er gamal, men vi elskar verkeleg å bu her og blir verande så lenge vi kan. Fridomen hyttelivet gir oss er utruleg mykje verd, seier Tine.