Utan innvandrarar stoppar Haram - Bolyst

/ Bolyst

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

– Frå 2006 og fram til nyttår i år har kommunen hatt ei dobling av innbyggarar med utanlandsk bakgrunn, noko som utgjer 14 prosent av dei 9 020 som bur her. Når så mange kjem frå utlandet må vi sørge for at dei trivast, og ikkje minst blir verande i Haram, seier rådmann i Haram kommune, Turid Hanken.

Kommunen er i dag heimen til 60 ulike nasjonalitetar.

Språk og lokale skikkar

Haram kommune har ein stor maritim industri, med Rolls-Royce Marine og VARD som dei største verksemdene. Industrien tiltrekkjer mange arbeidsinnvandrarar, og mange med familie.


– Ein viktig del av Bulyst-prosjektet vil vere å kombinere norskopplæringa med å lære om lokalmiljøet og norske fenomen. I undervisninga får dei òg kunnskap om skule, idrettslag, dugnad, kulturhus og lokalaviser, seier Guttorm Ulla i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Informasjon for tilflyttarar er tilgjengeleg på engelsk på kommunen sine heimesider. I tillegg får tilflyttarar eit velkomstbrev frå ordføraren som fortel om kommunen og kvar dei offentlege tenestene held til.

– Vi kan ikkje få understreka nok kor viktig det er at dei som kjem hit lærer seg norsk, sjølv om dei kanskje har engelsk som arbeidsspråk. Det er avgjerande for kor raskt dei blir integrerte, samt at dei då kan delta meir i skulegangen til barna, seier ordførar Bjørn Sandnes.

– Flottaste staden eg veit

Miguel Alonso og kjærasten Mary Carmen Fernandez Alvarez har budd i Haram sidan oktober 2012 og trivst godt. For Alonso sin del var det ingeniørjobb ved eit av skipsverfta som lokka – og ikkje minst naturen.

– Vi kom til Norge fordi vi likar snø, ski og fjell. Vi valde for så vidt ikkje Haram, men dei hadde det beste jobbtilbodet. Men no, etter å ha reist mange stader i Noreg, synest eg Haram er ein av dei flottaste stadane eg veit om, fortel Alonso.

Sjølv om han ikkje treng å lære seg norsk for jobben sin del, går han på norskkurs.

– At vi samstundes lærer om den norske kulturen er ein stor bonus. Det er ein heil del små og merkelege ting ved den norske kulturen som må forklarast for å forstå den, seier han.

Alonso sin fødeby er Vigo, ein industriby nord i Spania med 300 000 innbyggarar.

– Skilnadene mellom Vigo og Haram er store. Men dei som bur her har vore imøtekomande og hyggelege. Elles er det færre folk i gatene, færre barar og butikkar, men samstundes er det heller ingen trafikk-rush eller problem med å finne parkeringsplass. For oss har det viktigaste uansett vore å bu utanfor storbyen og nær naturen, seier han.

– Vidareformidlar ekspertisen

Bulyst-prosjektet pågår frå 2013-2015, men Ulla presiserer at dei kjem til å jobbe vidare etter den statlege satsinga er omme. Kunnskapen kommunen har hausta om integrering har allereie kome mange andre til gode òg.

– Mange kommunar ser til korleis vi jobbar med integrering. Vi har òg fått mykje merksemd frå forskarar, Kommunal- og regionaldepartementet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Og då har eg ikkje nemnd alle, fortel Hanken.

Viktige suksessfaktorar for oss er erfaring frå eit langvarig arbeid med integrering av flyktningar, samt eit forpliktande samarbeid med næringslivet. Kompetanse frå ulikt hald er nyttig og må kombinerast.

– Det er viktig at dei som kjem blir godt mottatt og blir sett på som ein ressurs, og ikkje berre innvandrar. Ikkje minst er det viktig at vi gjer det enkelt for dei å skaffe seg bustad og etablere seg med familien, seier ordførar Sandnes.

Les meir om Haram Kommune her.